Fastsatt som forskrift av Kunnskapsdepartementet 14.05.2013.
Gjeld frå 01.08.2013
Gjeld til 31.07.2020
Valfaga skal medverke til at elevane kvar for seg og i fellesskap styrkjer lysta til å lære og oppleve meistring gjennom praktisk og variert arbeid. Valfaga er tverrfaglege og skal medverke til heilskap og samanheng i opplæringa.
Kunst, kultur og tradisjonar ber med seg kunnskap frå tidlegare tider. Kjennskap til og praktiske ferdigheiter i tradisjonar medverkar til å vidareføre kulturarven til framtidige slekter. Arbeid med ulike kulturuttrykk kan auke nyfikne, forståing og toleranse for eigen og andre sin kultur og vere eit bidrag til å levandegjere kulturarven. Samfunnet treng kreative og samfunnsbevisste menneske som kan medverke til å skape meiningsfulle aktivitetar knytte til kunst, kultur og tradisjonar, som fører til verdiskaping for lokalsamfunnet.
Elevane skal gjennom utforsking og formidling av ulike tradisjonar få auka kunnskap om eigen og andre sin kulturarv. Dette kan fremje motivasjonen hos elevane for læring, for tilhøyrsle og gi auka personleg utvikling, kreativitet og skaparglede.
Valfaget omfattar arbeid med den kulturelle arven innan eit utval av kunst, handverk, mat, arkitektur, kulturminne, munnleg forteljing, musikk eller lokalhistorie. Aktivitetane i faget skal vere varierte og danne grunnlag for elevane sine undersøkingar, praktiske utprøvingar og framstillingar av ulike uttrykk og produkt. Arbeid med faget skal fremje samarbeid med lokalmiljøet, lokale aktørar og kulturberarar.
Valfaget hentar hovudelement frå mat og helse, kunst og handverk/duodji, musikk, men kan også hente element frå norsk/samisk, samfunnsfag og RLE.
Valfaget er strukturert i to hovudområde. Hovudområda utfyller kvarandre, og ein må sjå dei i samanheng.
Oversikt over hovudområda:
Hovudområde | |
Utforsking | Formidling |
Hovudområdet omfattar kartlegging og bearbeiding av kunnskap om eigen og andre sin kulturarv og historie gjennom aktivt å finne fram til ulike kjelder. Vidare omfattar hovudområdet oppøving av praktiske ferdigheiter med utgangspunkt i ulike tradisjonar. Samarbeid med lokale aktørar og kulturberarar gjennom praktisk arbeid inngår i hovudområdet.
Hovudområdet omhandlar det å skape eigne uttrykk og produkt baserte på tradisjonar og handverk, som til dømes bygningar, gjenstandar, matrettar, musikk eller munnlege forteljingar. Hovudområdet inneber formidling av eigen og andre sin kulturarv gjennom framføring, marknad, utstilling, framsyning eller digitale medium. Vidareutvikling av lokal tradisjon åleine, i grupper eller i samarbeid med aktørar i lokalsamfunnet inngår også i hovudområdet.
Valfaget levande kulturarv: 57 årstimar
Timetalet er oppgjeve i einingar på 60 minutt.
Grunnleggjande ferdigheiter er integrerte i kompetansemåla på premissane for faget.
Retningsliner for sluttvurdering:
Standpunktvurdering
Årssteg | Ordning |
Når faget blir avslutta | Elevane skal ha ein standpunktkarakter |
Eksamen for elevar
Årssteg | Ordning |
Når faget blir avslutta | Det er ikkje eksamen i faget |
Eksamen for privatistar
Årssteg | Ordning |
Når faget blir avslutta | Det er ikkje privatistordning i faget |
Dei generelle retningslinene om vurdering er fastsette i forskrifta til opplæringslova.